Håpar på NTP-midlar til E134

.

 
- For E134 har det så langt ikkje kome lekkasjar om større tiltak, men vi kan legge merke til at både Siv Jensen og Ketil Solvik-Olsen hadde med E134 i «porteføljen» saman med dei andre større europavegane i dag. Vi reknar derfor med at det kjem midlar til nye tiltak også til E134, seier Børge Skårdal i E134 Haukelivegen om NTP.

Dagens pressekonferanse på Oslo S og tysdagens i Arna har gitt ein del signal om hovudretningane for komande NTP, med mest fokus på jernbane og ein del profilerte vegprosjekt, meiner han. -

-
Etter den omfattande prosessen med å utgreie hovudsamband aust-vest, der E134 kjem ut som eit fantastisk lønsamt prosjekt, vil det vere oppsiktsvekkande om Solvik-Olsen sitt initiativ ikkje resulterer i konkret handling. Vi er i tillegg spente på kva som generelt står om oppfølging av aust-vestutgreiinga og ikkje minst om det blir varsla bestilling av KVU for arm frå E134 til Bergen.
- For E134 Haukelivegen AS er det viktig at dei prosjekta som er med i plangrunnlaget frå Statens Vegvesen blir realisert så raskt som mulig. Dette gjeld fjellovergangen, med ny Seljestad-tunnel som førsteprioritet, og Kongsberg-Elgsjø. Strekningen Bakka-Solheim burde også stått ferdig samtidig med Rogfast.
Ny Seljestad-tunnel er eit svært godt miljøprosjekt. Ein sparer utslepp, spesielt frå tungtrafikken, og ein sparer nærmiljøet i Røldal, slår Skårdal fast.