Er glaset halvtomt eller halvfullt for E134?

.

I går kom det ein ny lekkasje frå komande Nasjonal Transportplan om ei såkalla funksjonsdeling mellom dei ulike aust-vestsambandet på nordsida av Hardangervidda. Dette løyser likevel ikkje behovet for ein raskare «næringsveg» mellom sør-austlandet og Bergens-regionen. Arbeidet for arm til Bergen frå E134 fortset difor som før.

På sørsida er E134 tidlegare utpeikt som hovudveg, og vi har to utredningar (KVU-er) som skisserer ein utviklingsstrategi for E134 gjennom Telemark og fram til Kongsberg og med ein eineståande samfunnsnytte.

Samarbeidspartia (H, FRP, KRF og V) blir no kritisert for manglande prioritering på nordsida, men samferdselsminister Solvik-Olsen kjem med tilsvar som kan tolkast positivt for E134 og der han presiserer at det skal satsast på E134 og RV52.

 

Sitat, Solvik-Olsen til Bergens Tidende 20. mars:

-  Når det gjelder å bruke investeringer for å redusere reisetid og gjøre dem attraktive for tungtransporten, så er det E 134 og RV 52 det skal satses på.

- Noen av tiltakene som skal gjøres for lastebilnæringen er å fjerne det kuperte kjøremønsteret. Dette får prioritet på E 134 og RV 52.

Dette er absolutt i tråd med våre prioriteringar, både for fjellovergangen og vegen elles.

Kva er så våre forventningar til komande Nasjonal Transportplan?

I Vegvesenet sitt forslag (Grunnlagsdokumentet) er følgjande større tiltak prioritert:

Kongsberg-Elgsjø 2,0 mrd

Seljestad-Røldal og Røldal-Vågsli (fjellovergangen) 7,6 mrd

Nytt løp i Strømsåstunnelen 1,6 mrd

SUM 11,2 MRD

Dette er eit betydelig beløp (1 mrd i året i gjennomsnitt). I etterkant av dette har regjeringa slått fast at E134 skal være ein av hovudvegane aust-vest. Regjeringa og samarbeidspartia kan vel ikkje prioritere E134 lågare enn Vegvesenet?

Vår forventning er ei sterkare og tydelegare prioritering av E134:

> Prosjektet Seljestad-Røldal må få byggestart seinast i 2021.

> Prosjektet Røldal-Vågsli må bli fullfinansiert i løpet av NTP-perioden

> Planlegging av strekningen Vågsli-Gvammen-Notodden- Kongsberg må kome i gang så snart det er praktisk mogleg.

Børge Skårdal, dagleg leiar i E134 Haukelivegen