Skuffa over utsetjing

.

NTP viser at det ikkje blir nye tunellar over fjellet dei neste seks åra. Mange er skuffa over at E134 Haukelivegen kjem så langt ut i leksa.

- Saka blir marknadsført med at det er 12 milliardar til E134, noko som ikkje er sant. Det ligg inne 7,2 milliardar i planen – av dette er 2,55 milliardar til å fullføre igangsette prosjekt. Når det ikkje ligg inne pengar til nye tiltak dei første seks åra, skjønnar alle at dette er svært usikkert. Mykje kan skje på dei seks åra, meiner Børge Skårdal i E134 Haukelivegen.

- Eg les i Haugesund Avis at representantar frå regjeringspartia likevel er fornøgd med det som er lagt fram. Dei har på det viset synleggjort ein del av dei bakanforliggande utfordringane med å få prioritet til E134, meiner han.

Det er også fleire som er skuffa over NTP-prioriteringane.

– Målet vårt har heile tida vore å få delprosjektet Seljestad-Røldal med i første periode i NTP (2020/21). Når me i dag høyrer at prosjektet først vil bli gitt oppstart inn i 2. periode vil dette vere særs uheldig, slik me ser det. Det går imot anbefalingane frå Statens Vegvesen for eit år siden. Alt som blir skuva utover i tid blir gjenstand for nye prioriteringsrundar og politiske omkamper når neste NTP skal hamrast ut, seier Tormod Karlsen i Haugaland Vekst til Haugaland Vekst sine nettsider.