Framskundar Seljestadtunnelen

.

- Det er svært gledeleg at alle parti som er representert i transportkomitéen går inn for byggestart av Seljestad-Røldal i første periode, med andre ord seinast i 2023, seier dagleg leiar i Odda vegfinans AS og E134 Haukelivegen AS, Børge Skårdal.

Sjølv om alle partia i komiteen stiller seg bak dette er det likevel nokre forskjellar i merknadane frå fleirtalet (H, FRP, KRF og V), frå AP og frå SP. Senterpartiet er det einaste som går inn for å bruke statlege pengar i første periode, gjennom å flytte fram 1,2 millardar. Dei andre føreset bruk av bompengar i første fase og at staten kjem med si finansiering frå 2024.

- Senterpartiet si løysing hadde utan tvil gitt ei langt meir optimal framdrift i prosjektet, men dei andre partia sin modell er i samsvar med det vi har bedt om og er også ei langt betre løysing enn det opphavlege forslaget i stortingsmeldinga, meiner Skårdal i ei pressemelding.

- Fleirtalsmerknaden tar ikkje til orde for førehands- eller paralellinnkreving, slik vi har ynskt. Om dette betyr at eit fleirtal på Stortinget er direkte mot ei slik løysing er førebels uavklart. AP og SP ser i utgangspunktet positivt på ein modell der dette inngår, held han fram.

Neste fase i arbeidet blir no uansett å få ei bompengeordning godkjent lokalt, regionalt og i Stortinget. Her spelar Odda vegfinans AS ei viktig rolle og det er for dette føremålet selskapet er oppretta. Odda vegfinans AS har allereie tatt kontakt med samferdsleminister Ketil Solvik Olsen for å få til eit snarleg møte, dei håpar å få til dette i løpet av juni.

- Etter vår vurdering er det slik at merknaden frå fleirtalet (H, FRP, KRF og V) er lite verdt viss ikkje departementet tar tak i den og set den ut i livet. Dette er eit politisk ansvar som kviler på statsråden. Vi har derfor ei klar forventning om at det straks blir tatt initiativ til å få arbeidet i gang. I denne prosessen vil Odda vegfinans AS gjerne bidra med lokalkunnskap og god lokal- og regional politisk forankring, meiner Skårdal.