Kan bli oppstart på tunell Seljestad - Røldal i 2023

.

Med bompengar til førebuande arbeid i 2022 på E134 Seljestad–Røldal, varslar vegstatsråd Ketil Solvik-Olsen (Frp) at anleggsstarten kan kome året etterpå, skriv Vest-Telemark Blad.

 

Ved sluttbehandling av Nasjonal transportplan (NTP) 2018–2029 før ferien i år blei det lagt til grunn oppstart av byggjearbeidet mellom Seljestad og Røldal i fyrste seksårsperiode ved bruk av bompengar. I følgje Vest - Telemark Blad er planen at Odda vegfinans låner ein halv milliard kroner som blir overført til Vegvesenet, og at Hordaland fylke garanterer for lånet. Om det ikkje kjem statlege pengar til tunellen før i 2024, kan ein bruke den lånte halve milliarden slik at byggjestarten på tunellen kan skje i 2022.

Men fyrst må ein setje i gang bompengeprosessen og få den godkjent av Stortinget. Børge Skårdal, dagleg leiar i Haukelivegen AS, undrar på når denne prosessen skal starte.

VTB har spurd samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen om han kan seie når bompengeutgreiinga vil bli bestilt, og når ein kan rekne med at bompengeprosessen/-ordninga blir godkjent av Stortinget? Vidare om når ein kan starte arbeidet med tunellen Seljestad–Røldal, og kva år er det realistisk at ein kan starte arbeidet med ny tunell-løysing over Haukelifjell? (Éin lang tunell, eller kanskje det blir tre korte tunellar?)

– E134 er utpeika som éin av to hovudferdselsårer for tungtrafikk mellom aust og vest. Det skal investerast mange milliardar kroner på strekninga komande år, skriv ministeren i ein epost til Vest-Telemark Blad.

For strekninga Seljestad–Røldal er som nemnt bompengebidraget tenkt til 500 millionar kroner av totalt 2900 milliardar kroner i NTP.

– NTP skisserer når dei statlege midlane skal kome, og bompengebidraget gjev rom for litt fleksibilitet for når ein kan starte prosjektet. Med litt bompengar til førebuande arbeid i 2022 kan det bli anleggsstart i 2023, med tilhøyrande store statlege bindingar i 2024, 2025/2026. Dette inneber at ein bør ta sikte på lokalpolitisk behandling av bompengeopplegget seinast våren 2021, KS2-avklaring (kvalitetssikring av styringsunderlag og kostnadsoverslag) hausten 2021 og bompengeproposisjon i løpet av 2021, eventuelt tidleg i 2022, svarar vegstatsråden, og legg til at arbeidet med reguleringsplanen er i gang med sikte på vedtak i løpet av 2018.

– Det er viktig for oss at vi har god kostnadskontroll på dette og andre prosjekt. Klarer vi å presse kostnadene ned, gjev det auka handlingsrom til å gjennomføre fleire prosjekt raskare enn det vi har lagt til grunn i Nasjonal transportplan. Eg håper derfor på godt og konstruktivt samarbeid mellom Statens vegvesen og lokale aktørar og politikarar, slik at vi får mest mogleg veg igjen for pengane, skriv  ministeren i eposten til Vest-Telemark Blad.