Ser fram til å samarbeide med den nye transportkomiteen

.

Børge Skårdal i E134 Haukelivegen legg vekt på at dei no gler seg til å samarbeide med den nye transport- og kommunikasjonskomitéen på Stortinget. Helge Orten (H) overtar leiarjobben i komiteen etter Nicolai Astrup.

 

Skårdal viser til at følgjande representantar frå fylka som er berørte av E134 Haukelivegen er komne inn komiteen:Solveig Sundbø Abrahamsen (H) frå Telemark, Morten Stordalen (Frp) frå Vestfold, Øystein Langholm Jensen (Ap) frå Rogaland og Arne Nævra (SV) frå Buskerud.

I tillegg sit  Nils Aage Jegstad (H) frå Akershus, Jonny Finstad (H) frå Nordland, Bengt Rune Strifeldt (Ap) frå Finnmark, Tor Andre Johnsen (Frp) frå Hedmark,  Jon Gunnes (V) frå Sør-Trøndelag, Sverre Myrli (Ap) frå Akershus, Ingalill Olsen (Ap) frå Finnmark, Kjersti Leirtrø (Ap) frå Sør-Trøndelag,  Ivar Odnes (Sp) frå Oppland og Siv Mossleth (Sp) frå Nordland.

- Me ser fram til eit godt samarbeid med den nye transport- og kommunikasjonskomitéen, seier Børge Skårdal i E134 Haukelivegen.