Haugalandet og Etne

.

Haugalandet - Vindafjord - Etne

 E134 Bakka-Solheim


Fleire prosjekt på E134 på Haugalandet inngår i den såkalla Haugalandspakken, som også har mange andre prosjekt, mellom anna i Haugesund og Karmøy.

Realiseringa av Haugalandspakken har starta. Realisering skjer i takt med inntektene frå bomring og frå staten, dvs, utan låneopptak. Det største prosjektet på E134 er Skjoldavik-Solheim som er venta klart for opning seinhaustes 2015.

Stordalstunnelen i Etne er finansiert som eige prosjekt - blanding av statleg finansiering og bompengar. Også denne er venta opningsklart hausten 2015.

Strekningen på omlag 4 mil som ligg mellom dei to store byggeprosjekta, er nå under planlegging. Godkjende kommunedelplanar vil sannsynlegvis ligge føre hausten 2015. Neste fase er då utarbeiding av reguleringsplan.

Lenker:

Haugalandspakken 

Skjoldavik-Solheim

 Solheim-Bakka

 Stordalen

SVV - Prosjektside  

SVV - Prosjektside

SVV - Prosjektside

SVV - Prosjektside