Nye tunnelar Røldal - Haukelifjell

.

Prosjektet går ut på å bygge ny vegtrase mellom Seljestad i Oddadalen og Vågsli på Haukelifjell.

Planprosessane har tatt svært lang tid. Status pr. juli/august 2015 er at skisse til reguleringsplanar må vurderast på ny som følgje av nye trafikkprognoser som er utarbeidd i samband med aust-vestutgreiinga.

Trafikktala tilseier at den einaste realistiske løysinga er full vintersikkerhet på sjølve fjellovergangen. Dessutan må vegen dimensjonerast opp. Tunnelsikkerhetskrav vil sannsynlegvis føre til krav om to løp, i alle fall oppe på fjellet, sidan den lengste tunnelen blir der (ca. 24 km).

Vegdirektoratet vil kome med ei avklaring av rammene for vidare planlegging i løpet av august 2015.