Andre prosjekt på E 134

.

Dette er større eller mindre utbetringstiltak som er finansiert med statlege middel, men som ikkje er omtalt særskilt i NTP.

Det største prosjektet nå er utbetring av ein strekning i Vinje (Edland - Grungedal). Ferdigstilling er sommaren 2016.

Aust for Åmot har ein nå starta arbeidet med utbetring av ein kort strekning. Dette er eit av delprosjekta mellom Åmot og Seljord som skal realiserast dei neste 3-4 åra.

Samla utgifter for desse prosjekta er i området 0,5 mill kr. Tiltaka vil heve standard og tryggleik på i alt omlag 6 mil.

 

Saggrenda - Gvammen.

Dette er strekninga mellom to store byggeprosjekt: Gvammen-Århus og Damåsen-Saggrenda. Det er gjennomført KVU/KS1 for prosjektet og regjeringa har gitt grønt lys for vidare planlegging. Det blir nå arbeidd med å finansiere utarbeiding av kommunedelplan med KU, slik at dette arbeidet kan starte i 2015.

Lenker: Notat Statens vegvesen. Kort tilleggsnotat.