Vil satse på E134 - og arm til Bergen

.

Statens Vegvesen la i dag fram si utgreiing om aust/vest-samband i Sør-Norge. Analyseresultat, premissar og konklusjonar er svært tilfredsstillande sett frå vår side, dvs for alle som har arbeidd for at det bør satsast meir på denne vegen. Statens Vegvesen skriv følgjande:

Vil ha E134 over Haukeli

- På bakgrunn av den samfunnsøkonomiske analysen foreslår vi en langsiktig strategi der E134 gis høyeste prioritet. Med utbygging av ferjefri E39 mellom Stavanger og Bergen vil E134 kunne betjene hele området mellom disse byene. Vi ønsker en utbygging av vegen på hele strekningen mellom Drammen og Haugesund, sier Aksnes.

En utbygging av forbindelse fra E134 mot Bergen fra Jøsendal via Odda gir en rask rute mellom Bergen og Oslo og god samfunnsøkonomisk lønnsomhet.

- Det finnes flere mulige traséer for en slik veg – og her foreslår Vegvesenet en konseptvalgutredning (KVU) for å analysere de ulike konseptene, sier fungerende vegdirektør.

En strekning via Rauland gir vesentlig større nytte enn via Seljord, men det kan være konflikt mellom nasjonale og lokale interesse. Aksnes mener at valget av konsept bør analyseres i samme KVU som for armen til Bergen.

Du kan laste ned rapport, presentasjon og SVV si pressemelding her: Dokument øst/vest-utgreiing.

Ei lønnsom investering

.

For på nytt å dokumentere behov og nytteverdi av utbygging av E134, har vi fått utført ei grundig analyse av samfunnsøkonomisk lønsemd av prosjektet på Haukelifjell (strekninga Seljestad-Vågsli). Konklusjonen er ganske eintydig i retning av god lønsemd, med ei rente på 4 %, sjølv med konservative (forsiktige) anslag på trafikkutviklinga.

I tillegg til hovudrapporten har vi også rekna på ei alternativ løysing på Haukelifjell, som kan gje 100% vintersikker veg utan å utløyse krav om to løp. Også dette tiltaket toler ei kalkulasjonsrente på 4%.

Vi har i tillegg villa peike på det potensialet for auka samfunnsnytte som ligg i eit betre samband mot Bergen.

Arbeidet er utført av firmaet Analyse&Strategi AS, eit datterselskap av Multiconsult.

Dokumenta kan hentast ned: HOVUDRAPPORT NOTAT 100%   NØKKELINFORMASJON

Ny E134 Seljestad-Vågsli inn i NTP

.

Ny E134 Seljestad-Vågsli må prioriterast inn i komande NTP med sikte på oppstart i 2015 og med kostnadseffektiv framdrift, dvs. samanhangande utbygging til prosjektet er ferdig.

Samtidig må dei andre prosjekta på E134 få løyvingar som sikrar optimal framdrift. Dette gjeld Kongsberg, Århus-Gvammen, Stordalen og prosjekta i Haugalandspakken.

Både næringsforeningar langs korridoren og AS Haukelivegen  har sendt brev til Samferdselsdepartementet i oppløpet til ny NTP. Brev frå næringsforeningane. Brev frå Haukelivegen.