Gjennombrot for nye tunnelar

.

Regjeringa har nå gitt grønt lys i forhold til å gå vidare med planlegging av nye tunnelar Røldal/Haukelifjell. Det må lagast reguleringsplanar og eit forslag til korleis bompengeandelen i prosjektet kan ordnast. I AS Haukelivegen er vi svært glade for vedtaket og takkar alle som har bidratt til å få prosjektet fram.

Pressemeldinga frå regjeringa er slik:

Ny E134 over Haukeli:

Regjeringa har valt løysing

Regjeringa har avklart at vidare planlegging av ei utbygging av E134 over Haukeli skal ta utgangspunkt i dagens veg mellom Grostøl i Odda kommune i Hordaland og Vågsli i Vinje kommune i Telemark.

Dette inneber ny trasé i dagens korridor, med to lange tunnelar - ein på kvar side av Røldal.

- Avklaringa er eit viktig steg vidare i prosessen fram mot ei framtidig utbygging av vegen over Haukelifjell, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- Endeleg prioritering av  utbygginga vil bli tatt stilling til i samband med komande Nasjonal transportplan. Det arbeidet er vi no er i gang med.

Størst trafikk
E134 er det vegsambandet som har størst trafikk av dei fem fjellovergangane mellom Vestlandet og Austlandet. Det har i mange år vore arbeidd med utbetringar som sikrar eit trygt vintersamband.

Mykje av trafikken er næringsretta, og det er viktig at vinterregulariteten på strekninga blir sikra og at reisetida blir korta ned.

Konseptet som regjeringa no har valt å gå vidare med, vil bety store innsparingar i køyre-, tids- og ulukkeskostnader.

- Eg er glad for dette vedtaket. Det gjer at grunnlaget for vidare planlegging er på plass og inneber grønt lys for det vidare arbeidet til det etablerte bompengeselskapet, seier samferdselsminister Kleppa.

Bomselskap for nye tunnelar over fjellet

.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i Hordaland kallar nå inn til stiftingmøte for Odda Vegfinans AS den 29. november. Selskapet skal bidra til vidare planlegging og etter kvart utbygging av nye tunnelar frå Seljestad og via Røldal til Ulevå.

RV36 gjennom Grenland

.

Konseptvalgutredning (KVU) for Grenland er nå lagt fram med høyringsfrist 15. desember. Ein vesentleg del er ei betre framføring av RV36 frå nord for bysentrum og flaskehalsen ved Geiteryggen og fram til E18.

RV36 er også lagt om frå i år og går nå lenger vest enn tidlegare.

Bortsett frå 3 strekningar og noen kryss på RV36, er viktige element i planen å betre forholda for kollektivreisande og gåande/syklande. Planen har også som mål at næringstransportane skal kome lettare fram. Kortversjonen av KVU-en med oversiktskart kan du laste ned HER. Link til SVV si prosjektside.