Generalforsamling i AS Haukelivegen 14. juni

.

Aksjonærane i selskapet får i desse dagar innkalling til generalforsamling i selskapet. Styret si årsmelding og rekneskap for 2009 kan du laste ned HER.

Også 2009 var eit svært aktivt år for selskapet, med innsats på brei front. Nasjonal Transportplan som blei lagt fram i 2009 ga på mange måtar gjennomslag for viktige prosjekt. NTP-dokumentet er likevel ingen garanti for gjennomføring. Det er derfor behov for vidare innsats. Nye tunnelar over Røldal/Haukelifjell er omtalt i NTP for realisering i siste del av transportplan-perioden, dvs. 2014-2019. Arbeidet med neste NTP (2014-2023) er alt starta opp og posisjonen til nye tunnelar må sikrast. Samtidig må Vegvesenet kome i gang med å lage reguleringsplanar for prosjektet og det må lagast endeleg forslag til bompengeordning.

Arbeidet med å sikre realisering av nye tunnelar over fjellet blir derfor den største oppgåva for selskapet framover.

Stordalsparsellen. Meir og betre veg for pengane!

.

På ope møte i Etne kulturhus 27. april la Vegvesenet fram nye skisseplanar for å løyse utfordringane i øvste del av Stordalen. Den økonomiske ramma på 250 mill kr ligg fast, men gjennom å gjere tunnelen slakare og ein del andre tilpasningar får vi dobbelt så mykje ny veg for pengane, til dels betre standard og betre lokal løysing for nærtrafikken og avkjøring til Skånevik.

Vegvesenet skal ha ros for at dei tar opp saka i full breidde ut frå nye standardkrav og for å få mest mulig for pengane. Det blei då også mykje ros på møtet, som hadde godt frammøte både av politikarar, naboar til prosjektet og andre interesserte. Oppmodinga til Vegvesenet er å sørge for å bygge så snart som råd, slik at vegen blir tryggare å kjøre. Det står framleis att delar av Stordalen, og det ideelle hadde sjølvsagt vore å ta alt samtidig, men slik er ikkje finansieringa ordna. Det synest som Vegvesenet, Etne kommune og AS Haukelivegen har same strategi: Bygg mest mulig ny veg raskast mulig for dei pengane som er sett av og så må det til eit politisk arbeid for å realisere resten så snart som råd.

KVU-prosess for viktige strekningar

.

To viktige vegstrekningar fos oss skal nå utgreiast i form av ei såkalla KVU (Konseptval-utgreiing). Dette er E39 Aksdal-Bergen inkl. Hordfast og E134 Kongsberg - Gvammen.

Dette melder Samferdselsdepartementet i ei pressemelding 23. mars. Dette er godt nytt med tanke på å få framdrift i arbeidet for ein betre overordna vegstruktur i denne delen av landet.

Arbeidet skal gjerast ferdig raskt. Dette blir spennande og kanskje tildels krevjande prosessar.

Les pressemeldinga frå departementet HER.