Ingen omkjøringsmuligheter for kjøretøy over 7,5 tonn

.

Dette var den lakoniske meldinga frå Vegmeldingssentralen då eitn tankbil med salpetersyre hamna utfor vegen på E134 i Grunge. Ifølge politiet er ikkje sjåføren å laste og Marianne Wienenga i politiet  seier til avisa Varden at "det er rett og slett for smalt her når 2 vogntog møtes". Og det var det som skjedde. Du kan sjå bilde frå TA HER.

AS Haukelivegen arbeider for at denne vegstrekningen skal få vanleg breidde og generelt sett rustast opp. Det trengs 50 millionar og nå prøver vi å få 15 mill kr i 2010 for å kome i gang til hausten når reguleringsplanen er ferdig.

Olav Ringhus i brann- og redningstenesta i Vinje uttaler til avisa at "strekningen her er svært utsatt for ulykker. Det skjer dessverre ting til stadighet". Ja, det gjer det. Dei samfunnsmessige og samfunnsøkonomiske konsekvensane er betydelege, men kjem aldri med i ei kost-/nyttevurdering.

Denne ulykka understreker at prosjektet må realiserast NÅ!

RV36 Gvarv - Ulefoss. Oppstart av reguleringsplanarbeid

.

Denne strekningen på RV36 i Sauherad og Nome kommunar er blant dei parsellane som skal finansierast 100% med bompengar. Statens Vegvesen varslar nå oppstart av arbeidet med reguleringsplanar - meir enn 1 år tidlegare enn planlagt oppstart. Dette skuldast at ein ikkje treng ei konsekvensutgreiing.

Det er svært gledeleg at dette arbeidet nå kjem i gang. Det har skjedd lite på RV36 dei siste åra og det er heller ingen store tiltak i inneverande NTP.

Ein annan parsell på RV36 som skal bompengefinansierast, er Seljordstrond. Dette arbeidet blir ikkje starta opp nå.

Vegvesenet skriv i si melding om oppstart at det vil bli halde eit åpent informasjonsmøte i løpet av vinteren.

 

Etablering av bompengeselskap for å finansiere nye tunnelar

.

 I styremøte i AS Haukelivegen 28. januar 2010 vart det gjort vedtak om å ta initiativ til å opprette eit bompengeselskap for å finansiere planlegging og bygging av nye tunnelar ved Røldal/Haukelifjell.

 

I NTP 2010-2019 er delvis bompengefinansiering tatt inn som eit vilkår for å fremje prosjektet for realisering. Statens Vegvesen har gjennomført mulighetsstudie med positiv konklusjon. Berørte partar, mellom dei Hordaland FK og Odda kommune, har prinsipielt slutta seg til bruk av bompenger. Det ligg føre godkjende kommunedelplanar for prosjektet og neste steg i plansamanhang er utarbeiding av reguleringsplanar.

 
Den aktuelle problemstillingen er nå at det ikkje er løyvd pengar for inneverande år til denne planlegginga. Av omsyn til framdrift er det viktig at arbeidet kjem i gang i 2010. Vår strategi er derfor å etablere eit selskap som kan gjere låneopptak for å forskottere vidare planarbeid. Dette har vi skrive brev til Hordaland FK og Odda kommune om. Vi har også kontakta andre kommunar og regionråd om saka.

 

Vi prøver også å få finansiert første del av reguleringsplan-arbeidet gjennom revidert statsbudsjett (5 mill kr) for 2010. Eit bompengeselskap må uansett etablerast for å realisere prosjektet. Det er laga eit ark med nøkkeldata om prosjektet som du finn HER.