I tusen år...

.

Vegen vestover

Fritt etter Åsulv Edland si bok

Bearbeidd av Olav Lofthus, Norconsult – Bergen, med lov frå forfattaren.


Vegen vestover går gjennom fire fylke med start i Drammen og endar i havet ved Haugesund, eller var det omvendt.Det kjem an på korleis du ser det.Vegen går i allfall frå fjord til fjell og innland før han så endar ved havet igjen.Det er ei variert og spennande reise på tvers av landet vårt. Det er ein veg full av avstikkarar. Mange reiser her utan at det er Drammen eller Haugesund som er målet. Kanskje skal dei lenger, kanskje skal dei stuttare.  

Tilbake til folkevandringstida

Tusen års teneste i norsk samferdsle...

Fjellet har alltid vore eit skilje i det norske landskapet, eit skilje mellom landsdeler, bygdelag og folk. Det har likevel ikkje hindra livsviktig kontakt og ferdsle mellom aust og vest. Langs sleper og trakk har folk og fe kjempa seg over høgfjellet i uminnelege tider. Kanskje tilfeldig og sporadisk i byrjinga, men etterkvart ein trafikk som vitnar om hyppig samkvem.Vegen over Haukelifjell har hatt ei sentral rolle i norsk samferdsle i minst tusen år...! Haukelivegen har vore ei livsnerve for austmenn og nordmenn, teler og hardingar, røldøler og vinbyggjar.


Kongar og fattigfolk, hærmenn, og handelskarar...
Lite ante dei vel for tusen år sidan at Haukelivegen ein gong skulle liggje under asfalt og verte E134. Likefullt har trafikken mellom aust og vest gått sin gang ihundreår etter hundreår. Vegen har gjort teneste for fattig og rik, i fred og ufred, handel og jakt. Stadnamn, segner og skriftlege kjelder fortel om ferdsle og hendingar til alle årstider og i all slags ver. Fjellet var tøft,den gong som no. Ikkje alle kom levande frå desse ferdene mellom Telemark, Buskerud,Hordaland og Rogaland.

 


Pilgrimsvandring,marknad, og sølvet i Kongsberg ...

Pilgrimsfarten til Røldalskyrkja, som starta på 1300-talet, er opphavet til mange av dei spennande sogene og stadnamna knytt til Haukelivegen. Det vidgjetne krusifikset som sveitta ved jonsokleite, skulle ha lækjande og undergjevande kraft. I fleire hundre år har dette trekt pilgrimar og handelsfolk over fjellet til kyrkja og Røldalsmarknaden. Heller ikkje reformasjonen greidde å knekkje pilgrimstrafikken, som heldt seg til langt utpå 1800-talet! I mange hundre år har også marknader og fehandel vore vesentleg for trafikken begge vegar over Haukelifjell. Saman med Hardingslepa lenger nord på Hardangervidda, handlar historia om Haukelivegen også om dei mange som søkte lukka ved sølvverket i Kongsberg frå 1624 og utover.


Frå trakk til køyreveg
3-4 alen brei...

Ved kongeleg resolusjon i 1846 vart det vedteke å byggja høgfjellsveg over Haukeli, i fyrste omgang frå Gugarden i Haukeligrend til Røldal, med planar forvidareføring til Fjæra og Odda. Den fyrste vegen vart i hovudsak bygd etter plan og stikking av prost Nils Hertzberg. Ein annan sentral person i planlegginga var den kjende vegdirektøren Hans Hagerup Krag. Vegen vart bygd som rideveg i perioden mellom 1860 og 1889. Han skulle vere minst 3-4 alen brei eller omlag 2,5 meter. Arbeidet gjekk etappevis. For 640.000 kroner vart 8741 meter veg bygd i Austmannalia av røldølene i perioden 1874-77. Med den siste Stortingsløyvinga på 130.000 kroner vart dei siste 7735 metrane i det ulendte terrenget mellom Dyrskard og Svandalsflona fullført i 1889. Haukelivegen hadde nådd sitt fyrste mål; vegsamband frå aust til vest.


Gradvis utvikling på vestsida og austsida...

Utbetring og nybygging av sambandet vestover og austover gjekk gradvis og i ulike tidsepokar, i vest til dømes frå klyvjeveg til kjerreveg ned Rullestadjuvet til Åkrafjorden. Sjøen var her framleis viktig for kontakten mot Sunnhordland og Haugalandet. Austpå vart Telemarkskanalen ferdig i 1892, og med den kan tverrsambandet Austland - Vestland seiast å vera fullført. Ei ny gruppe reisande tok i bruk Haukelivegen; dei pengesterke utanlandske turistane. Utviklinga av den moderne reiselivsnæringa langs Haukelivegen tok til.


Bilen kjem...

Den fyrste bilen køyrde over Haukelifjell i 1906, og organisert rutebiltrafikk kom igang alt i 1913. Trass i ein god del skepsis mot det nye, var hesten si tid etterkvart omme. Nye krav og aukande trafikk førte til stadige omleggingar og utbetringar av Haukelivegen på begge sider av fjellet. I 1940-42 vart det etter press frå tyskarane bygd veg langs den stupbratte Åkrafjorden. Med tusen mann i arbeid er dette eitt av dei største prosjekta i vegvesenet si historie.Med denne fekk Haugesund og indre Sunnhordland vegsamband til Røldal, Telemark og Austlandet over Haukelifjell.

 


Nils Hertzberg - Haukelivegens far...

Tanken om rideveg over Haukelifjell vart lansert alt i 1704, men det var først med Nils Hertzberg tidleg på 1800-talet det vart fart i planane. Hertzberg kan med rette kallast Haukelivegens far. Den samfunnsengasjerte prosten i Kinsarvik, med interesser for språk, filosofi, astronomi og meterologi, ivra sterkt for denne vegen og sende i 1823 ein detaljert plan til departementet med stikking av vegen mellom Kongsberg og Hardanger. Haukelivegen frå Seljestad til Vinje vart seinare bygd i  samsvar med hans plan.


Ulevåstevet

Austa reke, skjyvi skjeke,

det drive so kaldt i heie;

Bete va’ det heime sitje

dei frosne tæne sine

Austa reke, skjyvi skjeke.

Den kalle mjøddi driv,

bete va’ det heime vera

skjemte med sitt viv

Bete va’ det heime vera

skjemte seg mæ min hest

hell vera i Ulevåe

når det blæs av nordvest


Heilårsvegen

Jernbaneplanar vart til heilårsveg...

Vinteren 1967/68 vart heilårsvegen over Haukelifjell teken i bruk. Lenge var det planar om jernbane over Haukeli som sto i fokus, særleg i Haugesund. Desse vart i praksis skrinlagde med Jernbanekommisjonen si innstilling i 1953. Der rådde ein i staden til å satse på bygging av heilårsveg til omlag tiendeparten av det ein ny jernbane ville koste.


Brei semje...

Ein vegkomite med representantar frå rundt førti kommunar frå Oslo til Haugesund, gjekk i 1954 samrøystes inn for bygging av heilårsveg. Finansieringsplan vart lagt fram i 1957. Det var føresett at 15 prosent skulle dekkjast av dei interesserte distrikta. Interesseselskapet for Haukelivegen vart formelt skipa i 1961. Ei viktig eldsjel og fødselshjelpar for den nye Haukelivegen var her Ingvar Meling som dessverre sjølv ikkje fekk oppleve at vegen sto ferdig.

 


Milepælane i kø....

Endeleg vedtak om bygging vart gjort i Stortinget i 1957, og året etter starta anlegget på Telemarksida. I vest vart fyrste salva i Seljestadtunnelen avfyrt av samferdselsminister Trygve Bratteli i juni 1960. Sidan gjekk det slag i slag med mellom anna Røldalstunnelen og den store Haukelitunnelen. For Røldal vart vinteren 1964/65 eit tidsskilje; tida som innestengd og isolert bygd var forbi. Vinteren 1967/68 var den nye heilårsvegen køyrbar, og ein bit av norsk samferdselshistorie vart sluttført med den høgtidelege opninga av Haukelivegen den 7.september 1968.


Heilårsvegprosjektet

Heilårsvegprosjektet strekte seg frå Grungebru i Telemark til Seljestad i Hordaland, ialt 91 kilometer. Totalt måtte det byggjast 14,2 kilometer med tunnel for å sikre vinteropen veg, dei fleste i Hordaland. Tusen tonn dynamitt vart brukt for å sprenge ut 680.000 kubikkmeter fjell. Der vegen går i daglinje vart han mange stader lagt høgt i terrenget slik at vinden bles vekk snøen. 15 kilometer av daglinja ligg høgare enn 1000 m.o.h. Høgste punktet på Haukelivegen er 1086 m.o.h. Kostnadene for dei to fyrste byggestega enda på 73 millionar kroner (1968). Ein del av byggekostnadene vart finansiert med bompengar. Mellom april 1968 og september 1990 passerte 6 millionar køyrety Haukelifjell og dei betalte 125 millionar kroner i avgifter.
 


Frå riksveg til E76 til riksveg til E134...

I dei 35 åra som er gått har Haukelivegen vore ein trufast og viktig del av hovudvegnettet i Sør-Noreg. Trafikken over fjellet i 1969 var kring 155.000 køyrety. Til samanlikning passerer i dag nær 450.000 køyrety årleg over Haukelifjell. Vegen har skifta status og namn fleire gonger,og var også bomveg i 22 år etter opninga. Mange hugsar kanskje enno Haukelivegen som “E76”. Etter ein mellomperiode som riksveg 11 har han igjen fått sin rettmessige europavegstatus og blitt til “E134”.

 


35 år med vidareforedling...

Som ein god vin har også Haukelivegen utvikla seg i perioden etter “tapping”. I løpet av dei 35 åra har fleire nye tunnelar, nyanlegg og utbetringar kome til. Litt om senn har ein stadig betre og sikrare heilårs stamveg vakse fram. Lettast å leggje merke til er kanskje dei store løfta som til dømes Åkrafjorden, Håradalen, Austmannalia, Drammen-Mjøndalen og sist Hegstad- Damåsen ved Kongsberg. Men, ein må heller ikkje gløyme dei mange små utrettingane av “ein sving hist og pist”. I sum kan ein kanskje hevde at Haukelivegen i dag er inne i epoken som “andregenerasjons” heilårsveg...framleis vill og vakker som alle turistane og kunstnarane opp gjennom tidene har sett han.


Vegen vidare...?

Utviklinga må halde fram...

Satsing på infrastruktur er med på å leggje grunnlaget for verdiskaping og velferd for by og land. Effektive næringstransportar, auka mobilitet, miljøulemper og trafikksikring er blant utfordringane ein står ovanfor. For alle som brukar Haukelivegsystemet er ikkje spørsmålet om ein bør satse tungt vidare, heller kor lang tid det skal ta. Heilt sikkert er det at Haukelivegen vil halde fram si tusenårige historie over fjellet -

vegen vestover... eller var det austover.

Dei mange tilførselsvegane

.

Unikt i høve til andre aust-vest-samband...

I tillegg til sidegreinene Rv36 Seljord-Grenland og Odda-Bergen, er det dei mange sidevegane som gjer at så store og folkerike område har nytte av Haukelivegen. Alle riks-, fylkes- og kommunale vegar som strålar ut frå E134, gjer at transportsystemet Haukelivegen femnar om store delar av landsdelen sør for Hardangervidda. Dei viktigaste sidevegane er: