Haukelivegen bind saman

.

Statens vegvesen meiner at full utbygging av E134 inkludert arm til Bergen kan gje ei samfunnsøkonomisk nettonytte på 26 mrd kroner.

Dette kjem fram i utredninga om sambandet mellom Austlandet og Vestlandet frå 2015. Kvifor vente med ei så god investering?

I den nye brosjyren vår kan du lese meir om kva me meiner er viktig å prioritere for å sikre ein moderne og vintersikker fjellovergang.

Vil ha ny veg gjennom Telemark

.

Statens vegvesen anbefaler no at ny trasé av E134 mellom Gvammen og Vågsli går i ein ny, innkorta korridor nord for dagens E134.

Børge Skårdal i E134 Haukelivegen AS er glad for at ein satsar på ny veg gjennom Telemark, men presiserer samtidig at førsteprioritet er ein vintersikker veg over fjellet.

- Gjennom denne analysen har me fått stadfesta og styrka eit av elementa frå aust-vestutgreiinga: Ny veg gjennom Telemark er både ekstremt lønnsam og gir ein vesentleg miljøeffekt gjennom innkorting, færre høgdemeter og jamnare kurvatur. Førsteprioritet nå er uansett vintersikker veg over fjellet. Me må i gang med bygginga tidlegare enn skissert i plangrunnlaget frå Vegvesenet, meiner Børge Skårdal.

Statens vegvesen slår fast at endringa vil gjere vegen 35 km kortare, og vil korte ned reisetida med meir enn 50 minutt. Det blir også anbefalt at ein rustar opp viktige riksvegar og fylkesvegar i prosjektområdet for å unngå negative verknadar for tettstadar langs traseen.

Last ned rapporten her.

Aust-vest: Konklusjonane står fast

.

Statens vegvesen har nå levert sin rapport til Samferdselsdepartementet med oppsummering av høyringsuttaler til øst-vestutredningen. I rapporten står det mellom anna:

Statens vegvesen mener at høringen viser at det er bred støtte for å velge to hovedvegforbindelser over fjellet og at E134 bør prioriteres høyest. Det er et mer delt syn på hvilken som i tilfelle skal være den andre prioriterte vegforbindelsen mellom sentrale Østlandet og Vestlandet. Her støtter høringsinstansene som naturlig er den vegforbindelse som ligger innenfor den egne geografiske interessesfæren. De store nasjonale organisasjonene som har svart støtter Statens vegvesens forslag om å prioritere E134 og vegforbindelsen over Hemsedal. Høringen har derfor ikke gitt grunn for å endre vår konklusjon i utredningen. RAPPORTEN FINN DU HER

Rapporten frå Statens vegvesen og dei mange uttalene til støtte for E134 er godt nytt. Vi håper Samferdselsdepartementet i vidare arbeid med saka vil legge vekt på dei faglege anbefalingane og på eigne føringar for komande NTP, med vekt på samfunnsøkonomisk avkasting av veg-investeringane.