Utbyggingsprosjekt - E134

.

Stor aktivitet på E 134.
Prosjektet Århus-Gvammen er starta opp, med auka aktivitet fram mot hausten 2014. 10 km ny veg erstattar 20 km gammal veg.

Ny veg gjennom Kongsberg er nå i posisjon til byggestart i 2014. 13 km ny veg erstattar 16 km gammal veg gjennom byen (fartshumper og 40 km/t).

Prosjektet Skjoldavik-Solheim er starta opp. 3 km ny veg utanom tettbygde område.

Stordalstunnelen (Etne) skal etter planen ha byggestart hausten 2013. 3 km ny veg forbi dei trongaste delane av vegen i området.

Tveitstrond-prosjektet (Vinje) er i fullt arbeid. Første fase skal vere ferdig sommaren 2014. 5 km ny veg som fjernar ein av dei verste strekningane i forhold til ulukker og vegstenging vinterstid.

I forhold til planlegging er vi komne lengst for ny veg over fjellet, der reg.planar vil vere klare for kommunal behandling i løpet av 2013. Ny tunnel Seljestad-Røldal er prioritert som første byggetrinn.

For strekninga Bakka (Stordalen i Etne) til Solheim (Vindafjord) blir det arbeidd med kommunedelplan. 40 km ny veg utanom tettstadene Etne, Ølen og Ølensvåg, men med god og nær påkobling til E134.

For ny veg ved Vinjevatn (Vinjesvingen - Åmot) har Vinje kommune våren 2013 vedtatt planprogram for utarbeiding av reg.plan m/ KU. Vegen skal då ligge på vestsida av vatnet. 12 km ny veg vil erstatte dagens 13 km som er svært problematisk vinterstid og har dårleg kurvatur.

For strekninga Gvammen, gjennom Notodden og over Meheia til Kongsberg bygrense er det utarbeidd KVU/KS1. Det blir nå arbeidd med å konkretisere vidare planarbeid og prioritering.