Stordalsparsellen. Meir og betre veg for pengane!

.

På ope møte i Etne kulturhus 27. april la Vegvesenet fram nye skisseplanar for å løyse utfordringane i øvste del av Stordalen. Den økonomiske ramma på 250 mill kr ligg fast, men gjennom å gjere tunnelen slakare og ein del andre tilpasningar får vi dobbelt så mykje ny veg for pengane, til dels betre standard og betre lokal løysing for nærtrafikken og avkjøring til Skånevik.

Vegvesenet skal ha ros for at dei tar opp saka i full breidde ut frå nye standardkrav og for å få mest mulig for pengane. Det blei då også mykje ros på møtet, som hadde godt frammøte både av politikarar, naboar til prosjektet og andre interesserte. Oppmodinga til Vegvesenet er å sørge for å bygge så snart som råd, slik at vegen blir tryggare å kjøre. Det står framleis att delar av Stordalen, og det ideelle hadde sjølvsagt vore å ta alt samtidig, men slik er ikkje finansieringa ordna. Det synest som Vegvesenet, Etne kommune og AS Haukelivegen har same strategi: Bygg mest mulig ny veg raskast mulig for dei pengane som er sett av og så må det til eit politisk arbeid for å realisere resten så snart som råd.

KVU-prosess for viktige strekningar

.

To viktige vegstrekningar fos oss skal nå utgreiast i form av ei såkalla KVU (Konseptval-utgreiing). Dette er E39 Aksdal-Bergen inkl. Hordfast og E134 Kongsberg - Gvammen.

Dette melder Samferdselsdepartementet i ei pressemelding 23. mars. Dette er godt nytt med tanke på å få framdrift i arbeidet for ein betre overordna vegstruktur i denne delen av landet.

Arbeidet skal gjerast ferdig raskt. Dette blir spennande og kanskje tildels krevjande prosessar.

Les pressemeldinga frå departementet HER.

Ingen omkjøringsmuligheter for kjøretøy over 7,5 tonn

.

Dette var den lakoniske meldinga frå Vegmeldingssentralen då eitn tankbil med salpetersyre hamna utfor vegen på E134 i Grunge. Ifølge politiet er ikkje sjåføren å laste og Marianne Wienenga i politiet  seier til avisa Varden at "det er rett og slett for smalt her når 2 vogntog møtes". Og det var det som skjedde. Du kan sjå bilde frå TA HER.

AS Haukelivegen arbeider for at denne vegstrekningen skal få vanleg breidde og generelt sett rustast opp. Det trengs 50 millionar og nå prøver vi å få 15 mill kr i 2010 for å kome i gang til hausten når reguleringsplanen er ferdig.

Olav Ringhus i brann- og redningstenesta i Vinje uttaler til avisa at "strekningen her er svært utsatt for ulykker. Det skjer dessverre ting til stadighet". Ja, det gjer det. Dei samfunnsmessige og samfunnsøkonomiske konsekvensane er betydelege, men kjem aldri med i ei kost-/nyttevurdering.

Denne ulykka understreker at prosjektet må realiserast NÅ!