Gir betre vegar mindre utslepp?

.

Transportøkonomisk institutt (TØI) har kome med ein ny rapport på oppdrag frå Vegdirektoratet. Problemstillinga er enkel: Gir betre vegar mindre klimagassutslepp? (TØI-rapport 1027/2009).

Hovudkonklusjonen frå TØI er at betre vegar totalt sett gir meir utslepp! Grunnen til dette er knytt til høgare fart, lengre turar, fleire turar og meir kjøring med privatbil i staden for kollektivtransport, sykling e.l.

MEN:

Det er noen viktige unntak frå hovudkonklusjonen og desse er svært interessante for oss:

Eliminering av høgdemeter/stigning kan gje stor utsleppsreduksjon, spesielt for store bilar.

Fergeavløysingsprosjekta Rogfast og Hordfast gir etter TØI sine berekningar reduserte utslepp.

Dette burde styrke fleire av dei prosjekta vi har prioritert, ikkje minst nye tunnelar over Røldal/Haukelifjell og fergefri E39 frå Stavanger til Bergen.

Det blir spennande å sjå framover om desse funna dreier vegpolitikken i vår retning eller om rapporten i hovudsak blir brukt som argument for å redusere satsinga på god infrastruktur anten kollektivtransport er eit alternativ eller ikkje.

Du kan laste ned TØI-rapporten HER.

 

Ras i Austmannali-tunnelen

.

 NRK og andre medier melder om store steinblokker og knust tunnel-portal i Austmannali-tunnelen som ligg på austsida opp frå Røldal.

Heldigvis tyder ingenting på at nokon er inne i raset, men for ein sjåfør frå Hardanger Transport var det små marginar då han nesten blei treft.

Les meir om saka på NRK-Hordaland.

Ifølge nettutgåva til Hardanger Folkeblad fredag kveld den 20. november, er det sannsynleg at vegen blir stengd for store kjøretøy fram til onsdag føremiddag - den 25. november. Les meir HER.

Oppdatert informasjon lørdag 21. frå NRK-Hordaland.

Det er nå åpna for kolonnekjøring for alle. Vegmeldingar for E134 frå Statens Vegvesen HER.

 

 

Automatisk bomstasjon i Åkrafjorden

.

Måndag 9. november 2009 frå kl.12.00 blir den manuelle bomstasjonen i Åkrafjorden lagt ned og erstatta av automatisert innkreving (Autopass).

Du slepp då å stoppe for betaling. Viss du har avtale, blir du trekt automatisk. Viss ikkje, får du faktura i posten basert på at bilnummeret på bilen blir fotografert.

Du kan laste med brosjyre (PDF) HER.