Trude Holter prosjektleiar for Århus-Gvammen

.

Trude Holter, som nå er distriktsvegsjef for Vegkontoret på Notodden (Øvre Telemark distrikt) blir frå årsskiftet prosjektleiar på heiltid for å gjennomføre bygging av tunnelen Århus-Gvammen. Prosjektet har ein kostnadsramme på 1,1 milliard.

I eit intervju med avisa Varden 17. september blir det varsla åpning i 2015. 

Artikkelen i Varden finn du HER

 

 Foto: Knut Heggenes - Varden

Reguleringsplan-arbeid E134 Seljord-Åmot

.

Vegvesenet har nå starta opp arbeidet med å lage i alt 5 reguleringsplanar for strekninga Seljord-Åmot på E134. Desse prosjekta skal bompengefinansierast 100 %. Resultatet av arbeidet vil bli ein sikrare veg med mindre fare for fastkjøring om vinteren og der ein kan halde jamnare fart. Seinare skal flaskehalsutbetring frå Seljord til Notodden planleggast.  

Dette kjem i tillegg til pågåande arbeid nærare Haukeli, der den svært dårlege strekninga mellom Grunge kyrkje og Edland nå skal planleggjast med sikte på oppgradering 2010-2011 for statlege midlar. 

Viss alt går etter planen, vil vi i 2015 ha ein oppgradert E134 frå Åmot til Notodden grense. Dette er ei strekning på vel 8 mil - 1 mil kortare enn i dag. Då er også Århus-Gvammen tunnelen bygd for statlege pengar og det vil i alt vere investert omlag 1,5 milliard kr.

Du finn oversiktskart HER og 4 meir detaljerte planar HER.

Finansiering nye tunnelar Røldal/Haukelifjell

.

HØYRINGSUTTALE - DELVIS BOMPENGEFINANSIERING AV UTBYGGING AV E134 HAUKELI- SELJESTAD - MULIGHETSSTUDIE

 

Som den siste høyringsinstansen i saka har Fylkesutvalet i Hordaland gjort fylgjande vedtak:

VEDTAK

1. Fylkesutvalet går inn for at arbeidet med delvis bompengefinansiering av utbygging av E134 Haukeli - Seljestad held fram.

2. Fylkesutvalet går inn for at det vert nytta parallellinnkrevjing og etterskotsinnkrevjing.

3. Som eit alternativ vil fylkesutvalet be om at prosjektet også vert vurdert som eit OPS prosjekt

 

Alle høyringsinstansar har med dette gjort tilråding til Vegvesenet om at dette arbeidet bør halde fram.

Statens Vegvesen vil då sende saka til Samferdselsdepartementet saman med høyringsuttalene og ei sluttvurdering av saka.

 

Neste fase i planprosessen er nå utarbeiding av reguleringsplanar. Etter det Vegvesenet opplyser, vil dette arbeidet ta til tidleg i 2010.