Startar opp arbeidet

.

Fleire større prosjekt står no ved eit vegskilje.

I løpet av 2009 skal det tilsetjast prosjektleiar for bygging av Århus-Gvammen og ved årsskiftet 2009/2010 er det aktuelt å starte arbeidet med reguleringsplanar for nye Haukelitunnelar.

Dette og mykje meir blei det orientert om frå Vegvesenet si side under generalforsamlinga i AS Haukelivegen 18. Juni. Sjå presentasjonane frå region sør og region vest for konkret informasjon om både store og små tiltak.
 

Steen ny styreleiar i Haukelivegen AS

.

Ordførar i Haugesund, Petter Steen, tek nå over som styreleiar i Haukelivegen AS etter Arne Storhaug, som har leia arbeidet i 5 år.

 

Arne Vinje, ordførar i Vinje, blei vald til nestleiar. Lars Bjaadal, fylkesvaraordførar i Telemark, blei attvald til styret med Magnus Straume som vararepresentant. Det same gjeld Jostein Soland (Stavanger) med May Britt Vihovde (Haugesund) som vara.