Ei lønnsom investering

.

For på nytt å dokumentere behov og nytteverdi av utbygging av E134, har vi fått utført ei grundig analyse av samfunnsøkonomisk lønsemd av prosjektet på Haukelifjell (strekninga Seljestad-Vågsli). Konklusjonen er ganske eintydig i retning av god lønsemd, med ei rente på 4 %, sjølv med konservative (forsiktige) anslag på trafikkutviklinga.

I tillegg til hovudrapporten har vi også rekna på ei alternativ løysing på Haukelifjell, som kan gje 100% vintersikker veg utan å utløyse krav om to løp. Også dette tiltaket toler ei kalkulasjonsrente på 4%.

Vi har i tillegg villa peike på det potensialet for auka samfunnsnytte som ligg i eit betre samband mot Bergen.

Arbeidet er utført av firmaet Analyse&Strategi AS, eit datterselskap av Multiconsult.

Dokumenta kan hentast ned: HOVUDRAPPORT NOTAT 100%   NØKKELINFORMASJON

Ny E134 Seljestad-Vågsli inn i NTP

.

Ny E134 Seljestad-Vågsli må prioriterast inn i komande NTP med sikte på oppstart i 2015 og med kostnadseffektiv framdrift, dvs. samanhangande utbygging til prosjektet er ferdig.

Samtidig må dei andre prosjekta på E134 få løyvingar som sikrar optimal framdrift. Dette gjeld Kongsberg, Århus-Gvammen, Stordalen og prosjekta i Haugalandspakken.

Både næringsforeningar langs korridoren og AS Haukelivegen  har sendt brev til Samferdselsdepartementet i oppløpet til ny NTP. Brev frå næringsforeningane. Brev frå Haukelivegen.

Gjennombrot for nye tunnelar

.

Regjeringa har nå gitt grønt lys i forhold til å gå vidare med planlegging av nye tunnelar Røldal/Haukelifjell. Det må lagast reguleringsplanar og eit forslag til korleis bompengeandelen i prosjektet kan ordnast. I AS Haukelivegen er vi svært glade for vedtaket og takkar alle som har bidratt til å få prosjektet fram.

Pressemeldinga frå regjeringa er slik:

Ny E134 over Haukeli:

Regjeringa har valt løysing

Regjeringa har avklart at vidare planlegging av ei utbygging av E134 over Haukeli skal ta utgangspunkt i dagens veg mellom Grostøl i Odda kommune i Hordaland og Vågsli i Vinje kommune i Telemark.

Dette inneber ny trasé i dagens korridor, med to lange tunnelar - ein på kvar side av Røldal.

- Avklaringa er eit viktig steg vidare i prosessen fram mot ei framtidig utbygging av vegen over Haukelifjell, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- Endeleg prioritering av  utbygginga vil bli tatt stilling til i samband med komande Nasjonal transportplan. Det arbeidet er vi no er i gang med.

Størst trafikk
E134 er det vegsambandet som har størst trafikk av dei fem fjellovergangane mellom Vestlandet og Austlandet. Det har i mange år vore arbeidd med utbetringar som sikrar eit trygt vintersamband.

Mykje av trafikken er næringsretta, og det er viktig at vinterregulariteten på strekninga blir sikra og at reisetida blir korta ned.

Konseptet som regjeringa no har valt å gå vidare med, vil bety store innsparingar i køyre-, tids- og ulukkeskostnader.

- Eg er glad for dette vedtaket. Det gjer at grunnlaget for vidare planlegging er på plass og inneber grønt lys for det vidare arbeidet til det etablerte bompengeselskapet, seier samferdselsminister Kleppa.